Vik, største bringebærkommunen i landet

10. – 12. August 2018

Norsk Bringebærfestival er eit samarbeidsprosjekt mellom frukt- og bærmottaka i Vik kommune, med mange gode støttespelarar frå Næringslivet, Vik kommune, Næringssamskipnaden, Vik Sparebank, lag og organisasjonar. Festivalen starta i 2014, er ikkje-komersiell og har fokus på aktivitetar for barn og unge. Overskot  av kvart arrangement går til lag og organisasjonar.

Norsk Bringebærfestival takkar alle gode hjelparar for god innsats under årets festival!

Me takkar og sponsorar, deltakarar og ikkje minst publikum – de var alle med og gjorde festivalen vellukka!!

Me kårar årets råaste lag i Bringebærfestivalens nye konkurranse:

Rått, Vått og Røfft!

Dann eit lag og meld dykk på i ein av årets kulaste konkurransar. Me har tre klassar: Råaste Bedrift, Open klasse og Kostymeklasse.

Meir info

Fredag 10.august er det duka for barnerockekonsert i Vikjahalli. 

Dette bandet har hatt over 400 rockekonserter beregna for barn i alderen 3-9 år. 

Billettpris: 200,- 

Voksne får halv pris i følgje med barn.

Meir info

Åges Danseband

Laurdag 11. August kl.21.00. fylles scena i Blixhalli med 9 menn som utgjer Åges Danseband. I tillegg kjem Jokkes Ghandiband og lagar liv!

Bli med på sommarens store festkveld!

Billettpris: 350,-

Meir info

Jokkes Ghandiband

Lyst til å bli med på ein guida tur tilbake i tid?

Møt opp ved Blix Hotell søndag 12. august kl.09.30 og bli med på Sylvringen tur. Her vert du tatt med på ein spanande rundt i bygda til kjende historiske plassar, bygg og kyrkjer og fortalt deira fantastiske historie.

Meir info

Årets fotomaraton skjer laurdag 11.august. Arrangementet foregår i tidsrommet kl. 10.00-14.00. Det blir utdelt fleire oppgåver som løysast ved å sende inn eitt bilete til kvar oppgåve.

Husk å registrere deg mellom kl.09.30-10.00. på Blix Hotell

Meir info

Årets store bakekonkurranse skjer under årets bringebærfestival! For påmelding og informasjon, klikk på linken!

Meir info

Fredag 10.august vert det quiz på Blix Hotell. Ta med gjengen, dann eit lag og bli med! 

Kven vil gå av med seieren i sommarens store intelektuelle konkurranse?

Meir info

Fredag 10.august er det klart for barnedansekurs klokka 13.00. i Vikjahalli og seinare på dagen kl 1830 er det danseframsyning, da får dei som vil visa fram det dei har lært på dansekurset.

For barn i alderen 7-13 år.

Kurset er GRATIS!!

Meir info

Laurdag kl 15:00 – 19:00 er det swingkurs for ungdom og vaksne i Vikjahalli! Ta med deg ein venn eller din betre halvdel og bli med.

Meir info

Veteranbåten M/S Arnafjord kjem til Vik under årets bringebærfestival. Det blir omvisning laurdag og turar med veteranbåten søndag.

Meir info

Close Menu