Program

Her finn de ei oversikt over programet for fredag, laurdag og søndag

Fredag 10.aug.

Kl.13.00. Barnedansekurs

Dansekurs for barn mellom 7-13 år i Vikjahalli.

Meir info her

Kl.18.30. Danseoppvisning

Danseoppvisning av barna som var på dansekurs tidligare på dagen, etterfulgt av konsert med Plopp.

Kl.19.00 FestivalQuiz

I år arrangerar me quiz! Møt opp med vennegjengen og bli med! Kven vert sommarens store quizlag?

Meir info her

Kl.19.00 Rockekonsert for barn med Plopp

Plopp spelar opp til rockekonsert for barn i alderen 3-9 år i Vikjahalli klokka 19.00. Billettpris er 200Kr. Vaksne i følgje med barn 100Kr.

Meir info her

Laurdag 11.aug.

Kl.09.30 Registrering til Fotomaraton

Registrering til årets Fotomaraton skjer ved Blix Hotell Kl.09.30.-10.00.

Kl.10.00.-15.00. Torg- og bruktsal

Det blir sett opp telt på torgplassen på plassen mellom Vik Blomster / Dampen treningssenter. Utstillarane tek med eigne bord. Det blir tilgang til straum. Gratis for inviterte og lokale utstillarar. Kr 800 for andre. Ring 992 31 313 for info eller påmelding.

Kl.10.00. M/S Arnafjord

Ta deg ein tur til kiosk-kaia og opplev den historiske M/S Arnafjord.

Meir info her

Kl.10.30.-15.00. Gøy ved Kristianhus

Det blir mange gøyale aktivitetar ved Kristianhus! Hoppeslott, ansiktmaling, levande fisk (og kanskje andre ting..), fiskeaktivitetar.. Møt opp!

Kl.12.00. Rått, Vått og Røft!

Meld deg eller bedrifta di på årets råaste og våtaste utfordring! De tek vel utfordringa?

Meir info her

Kl.13.30. Prøvekjøring av båtmoterer

Mykje go’lyd nostalgi i Kristianhus for de som er interesserte i båt og båtmotorar.

Kl.13.30. Den store bakekonkurransen 2018

Innlevering av kaker til årets bakekonkurranse er på Blix Hotel kl.13.30. Konkurransen består av 3 klasser: Ordinærklassen, Manneklassen og barneklassen.

Meir info her

Kl.14.00. Rekordforsøk!

Ved meieriet skal vi nok ein gong gjere eit rekordforsøk i å lage verdas lengste bringebærdessert. Møter du opp så får du kanskje smake på rekorden du også.

Kl.15.00. Swingkurs for ungdom og vaksne

I år blir det swingkurs i Westcoast-stil. Dette er ein type swing som passar til det aller meste av musikk! Passer også tilfeldigvis til kveldens konsert/dans i Blixhalli.

Meir info her

Kl.15.00. Minikonsert med blant anna Dixielanders

Dixielanders speler for bygda heile dagen på forskjellige plassar, men klokken tre er dei utanfor Blix Hotell. Kvinnherad spelemannslag frå Hardanger blir og med!! Absolutt noko å få med seg!

Kl.15.15. Premieutdeling

Premieutdeling på Blix Hotell til vinnarane av dei forskjellige konkurransene som har foregått i løpet av dagen.

Kl.15.30. Sal av kaffi og kaker

Etter premieutdeling må vi sjølvsagt smake på dei mange forskjellige kakene som har delteke i konkurransen, kanskje vert det litt rekord-dessert å smake på også?

Kl.21.00. Laurdagsfest

Åges Danseband og Jokkes Ghandiband skal fylle Blixhalli med go'lyd og god stemning. Har du vore på dansekurs tidlegare på dagen, er dette ein fin moglegheit til å vise fram dei nye ferdigheitene.

Meir info her

Søndag 12.aug.

Kl.09.30. Sylvringen Tur

Bli med på ein guida historisk gåtur rundt i bygda til kjende historiske bygg og kyrkjer og høyr deira fantastiske historie.

Meir info her

Kl.13.00 Flugebinding

Lyst til å lære deg fluebinding? Møt opp ved Kristianhus søndag klokken 13.00.

Kl.13.00 Refsdal kraftstasjon frå 1913

Refsdal kraftstasjon er open for omvising søndag 12 august kl. 13 til 17. Gratis inngang, men høve til å gi ei gåve til laget som eig stasjonen.

Close Menu