Sylvringen tur

Sylvringen tur starter søndag kl.09.30. Frammøte ved Blix hotell.

Turen går til fots til Hopperstad stavkyrkje, Moahaugane gravhaugfelt, Hove kyrkje og det verna området på Vikøyri.

Det blir også mogleg å smaka Gamalost og høve til å kjøpa kopi av Steimsringen.

  • Kl. 09.30 – 13.00: Frammøte ved Blix hotell.
    Gaida Sylvringen tur til Hopperstad stavkyrkje, Moahaugane gravhaugfelt, Hove steinkyrkje og det verna området på Vikøyri. 
    – Kr 350 inkl. inngangsbillettar til kyrkjene, start ved Blix hotell. Gaid: Arne Inge Sæbø.

  • Ca kl. 11.30:
    Dei som berre vil vera med rundt det verna området på Vikøyri kan hekta seg på Sylvringen turen ved kaikanten. 
    – Pris kr. 50.

  • Kl. 13 til 17:
    Kraftstasjonen i Refsdal frå 1913 er open for omvising. Gratis inngang, men høve til å gi ei gåve. Omvisar: Ivar Brekke.

Close Menu